No kjem samisk stavekontroll til mobilen
Divvun-gruppa vil gjere det enklare for fleire å skrive dei samiske språka nordsamisk, sørsamisk, lulesamisk og enaresamisk.
For nokon år tilbake utvikla Divvun samiske tastatur for mobiltelefonar, da dei tradisjonelle tastatura mangla nokon bokstavar for at språket skulle bli heilt korrekt. No vil også mobilen foreslå ord og rette feilskriving.
– Vi har jobba mykje med å utvikle verktøy for å gjere det enklare for fleire å skrive samisk. Det samiske folk har blitt utsett for ein kraftig etnisk assimileringspolitikk og slit med seinverknadar etter dette. Samstundes som samiske språk og samisk kultur fortsatt utsetjast for hard påverking frå norsk, og andre, språk og kulturar. Skal vi klare å snu ein negativ samisk språkutvikling er desse verktøya grunnleggjande viktig i samiskspråkleg revitalisering, seier prosjektleiar i Divvun, Sjur Nørstebø Moshagen.
Betre i nettlesar og e-post
Divvun-gruppa har utvikla fleire forskjellige verktøy. Frå tidlegare av finnast det stavekontroll for Word og talesyntese, no kjem det også eit program for å rette samisk språk i nettlesar og e-post på Mac og Windows.
– Dette er endå eit verktøy for å stå imot det harde presset frå majoritetsspråka. Vi har fått mange tilbakemeldingar på kor bra det er at desse verktøya finnast. Desse tilbakemeldingane motiverer oss til vidare arbeid for dei samiske språka. Det er spesielt gledelig at dei yngre samane er aktive samiske skribentar. Med dette programmet vil dei kunne skrive endå meir effektiv, forklarar Moshagen.
Enklare å installere
Ei utfordring gruppa har støtt på er at brukarane av verktøya har gamle versjonar av dei. Samstundes som det lanserast stavekontroll til mobil, nettleser og e-post, vil det no bli lettare å installere og oppdatere programvarane på Windows og Mac.
– Sjølv om vi prøvar å gjere det enkelt, har det vist seg at det lett kan bli nokon snublesteinar. No kjem det eit nytt installeringsverktøy, når det er installert veljar du berre språk og korleis verktøy du vil ha, og så treng du ikkje tenkje noko meir på det. Installeringsverktøyet oppdaterer alle stavekontrollane og seg sjølv automatisk, seier Moshagen.
Verktøya har språka nordsamisk, sørsamisk, lulesamisk og enaresamisk, og er tilgjengelege og gratis for alle frå torsdag 20. desember.
Her finn du programvaren og meir informasjon: divvun.no
Divvun får hjelp av TheTechnoCreatives og Giellatekno for å utvikle verktøya.