Til Island for å løfte fram forsking på globale utfordringar
Denne veka samlast forskarar, politikarar, næringslivsleiarar og andre aktørar frå verda over på Island for å diskutere framtida i Arktis. UiT bidreg med nye perspektiv frå forsking på Polhavet, geopolitikk, klimaendringar, havrett og mykje meir.
Konferansen Arctic Circle Assembly samlar kvart år rundt 2 500 deltakarar frå 70 land i Reykjavík på Island.
På konferansen blir haldne debattar og foredrag som belyser kva for nokre strategiske vegval Arktis står overfor.
Korleis UiT kan bidra med nye løysingar gjennom forskingsbasert kunnskap skal synleggjerast i den islandske hovudstaden 8.–10. oktober.
UiT-forskarar skal bidra i paneldebattar der tema er polar- og klimaforsking, innovasjon, gruveverksemd på havbotnen, nordisk samarbeid, hybridkrig, geopolitikk, turisme, havrett, fiskeri og fleirbruksteknologi.
Under konferansen skal UiT løfte fram følgjande satsingsområde:
- Det femte internasjonale polaråret (IPY-5)
- Forskningsprogrammet Polhavet 2050
- Senter for geopolitikk, fred og tryggleik (GPS)
På konferansen skal UiT også vise korleis vi samarbeider med partnaruniversitet i både UArctic og The Arctic Six for å møte samfunnsutfordringar i Arktis.
På Island bidreg UiT dessutan med presentasjonar av arbeidet studentar og stipendiatar som deltek i internasjonale og tverrfaglege prosjekt retta mot arktiske spørsmål.
UiT deltek i International Graduate Student Research Cohort (IGSRC) og My Northern Project, som har eigne sesjonar under konferansen.
Du kan følgje UiTs delegasjon på nettsidene våre og i sosiale medium.
Les meir om programmet for Arctic Circle Assembly her.
Deltakarar i UiT-delegasjonen
Dag Rune Olsen, rektor ved UiT
Jørgen Berge, prorektor for forskning og innovasjon
Ingrid Solstad Andreassen, prodekan for utdanning, Det juridiske fakultet
Ekaterina Antsygina, forsker, Norsk senter for havrett
Evan Todd Bloom, seniorrådgiver, Senter for hav og Arktis
Vito de Lucia, professor, Norsk senter for havrett
Gunhild Hoogensen Gjørv, professor, Senter for geopolitikk, fred og sikkerhet
Johanna Ikävalko, avdelingsdirektør, Senter for geopolitikk, fred og sikkerhet
Kim Holmén, professor II, Institutt for fysikk og teknologi
Kristian Munning, student ved UiT
Gunnar Rekvig, prosjektleder, Senter for hav og Arktis
Gaute Emil Svensson, førsteamanuensis, Handelshøgskolen ved UiT i Tromsø
Programpostar der UiT bidreg
8. oktober
8:30-9:25
The Geopolitics of IPY-5
9:45-10:40
BRICS + In the The Arctic: Governance structures in a divided region
9:45-10:40
Growing in the North: Innovation at the Edge of the World
9:45-10:40
Arctic Deep-Sea mining: Drawing the line
11:00-11:55
Building National momentum for the International Polar Year
11:00-11:55
Arctic exceptionalism’s last refuge: Trust in the Nordic Arctic (The Arctic Six er medarrangør)
17:20-18:15
Information warfare in the Arctic
18:35-19:30
Sabotage and drones: Hybrid threats in the Arctic
9. oktober
8:30-9:25
SIOS-observing system in climate and geopolitical hotspot
17:20-18:15
International student strategies for the Arctic Blue Economy
18:35-19:30
Arctic security in a shifting world order
18:35-19:30
Arctic tourism at a crossroads: Global lessons for the north
19:30-20:30
The Frederik Paulsen Arctic Academic Action Award
10. oktober
8:30-9:25
Arctic crossroads: Strategic bargain, cooperation, coercion
9:25- 10:40
Delivering benefits from dual-use tech in The Arctic
11:00-11:55
The Central Arctic Ocean fisheries agreement in a shifting geopolitical context
11:00-11:55
Rethinking Arctic tourism systems: Pressure to possibility (The Arctic Six er medarrangør)
15:35-16:30
The role of non-Arctic actors in Arctic governance



