lanseringa av bind I av det nye referanseverket Norsk språkhistorie inviterer Institutt for språk og kultur (ISK) og Universitetsbiblioteket (UB) til gjesteførelesing med Helge Sandøy, professor i nordisk språkvitskap ved Universitetet i Bergen." /> lanseringa av bind I av det nye referanseverket Norsk språkhistorie inviterer Institutt for språk og kultur (ISK) og Universitetsbiblioteket (UB) til gjesteførelesing med Helge Sandøy, professor i nordisk språkvitskap ved Universitetet i Bergen." />

Gjesteførelesing med prof. Helge Sandøy (UiB): «Språkendringar kan vi ikkje forstå på intuisjonen

I samband med lanseringa av bind I av det nye referanseverket Norsk språkhistorie inviterer Institutt for språk og kultur (ISK) og Universitetsbiblioteket (UB) til gjesteførelesing med Helge Sandøy, professor i nordisk språkvitskap ved Universitetet i Bergen.

Helge Sandøy er ein sentral fagperson innanfor nordisk språkvitskap, og han er den eine av dei to hovudredaktørane for Norsk språkhistorie, bindredaktør for bind I og blant forfattarane i bind I, II og III.

 

Sandøy har sendt oss dette samandraget av føredraget sitt:

 

Språk og dialektar er kollektive fenomen, og bak språkendringar ligg fleire drivkrefter som verkar saman, indrespråklege og utomspråklege. I teorien om språkendring kan det vere nyttig å framheve makrososiolingvistikk som noko anna enn mikrososiolingvistikk. Språkendringane har neppe utgangspunkt i intensjon og kan ikkje forståast ut frå intuisjon. Dei må forklarast ved hjelp av modellar som kan testast empirisk. I foredraget vil eg prøve å underbygge desse påstandane både teoretisk og med støtte i nokre norske granskingar.

When: 02.05.16 at 11.15–12.30
Where: SVHUM E0101
Location / Campus: Tromsø
Target group: All
Responsible: Philipp Conzett
Add to calendar