UiT Samtaler: Kva slags campus treng vi i framtida?

Illustrasjons-/bannerbilde for UiT Samtaler: Kva slags campus treng vi i framtida?

Dei fysiske omgjevnadane våre betyr mykje for korleis vi arbeider, møtest og trivst. Campus er arbeidsplassen til både studentar og tilsette – men ved eit mangfaldig universitet som UiT rommar campus langt meir enn kontor, undervisningsrom og lesesalar. Det handlar om korleis vi kjem oss til og frå campus i kvardagen, korleis ny teknologi blir teke i bruk, og korleis rom og møteplassar kan stimulere til samarbeid, kreativitet og uformelle møte – også utanfor dei strengt definerte arbeidsoppgåvene.

I 2023 vedtok universitetsstyret ved UiT ein campusstrategi, og i 2024 handsama dei ei eiga sak om campusutvikling i Breivika fram mot 2030. Desse dokumenta slår fast fleire viktige prinsipp for vidare utvikling. Men kva vil dette faktisk bety i praksis dei komande åra? Kan vi vente oss eit nytt studenthus? Korleis kan campus bli ein stad der både studentar og tilsette ønskjer å vere – også i ei tid der heimekontor er blitt vanlegare? Og ikkje minst: kva har UiT økonomisk handlingsrom til?


Med dette som bakteppe inviterer vi til UiT Samtaler – ein møteplass for opne og ærlege samtalar om spørsmål som vedkjem heile UiT-fellesskapet. Ambisjonen er å skape ein arena der studentar og tilsette saman kan utforske utfordringar og dilemma knytte til forsking, utdanning og livet i akademia.


I denne utgåva er campusutvikling tema. Publikum blir inviterte til ein sofasamtale med deltakarar som representerer ulike perspektiv og interesser i arbeidet med å utvikle framtidas campus:
✅Grete Sterri Kristoffersen, administrerande direktør i Samskipnaden
✅Vilde Sirma‑Tellefsen Hveem, leiar for Studentparlamentet
✅Sigurd Salberg Pedersen, campusplanleggar ved UiT


Samtalen blir leia av Åsne Høgetveit, førstebibliotekar ved Universitetsbiblioteket.

When: 29.04.26 at 12.00–12.45
Where: På UB og strømming (se lenke i teksten)
Location / Campus: Tromsø
Target group: Employees, Students, Guests
Responsible: Stine Holand
Add to calendar