Historie sett i lys av kildene
About the course
Emnet er obligatorisk i bachelorprogrammet i historie og i lektorprogrammet 8 -13 studieretning historie. Emnet kan takast som enkeltemne.
Emnet gjev ein introduksjon til arbeidet med historiske kjelder. Studentane møter aktuelle kjeldekategoriar frå ulike historiske periodar, som:
- sagaer, lover og diplom (mellomalderbrev)
- jordebøker, manntal og skattelister
- tingbøker og skifteprotokollar
- kyrkjebøker og folketeljingar
- offentleg statistikk
- brev, dagbøker og private arkiv
- aviser
- bilete og audiovisuelle kjelder
- munnlege kjelder
- digitale kjelder
I emnet drøftar me kva for spørsmål dei ulike kjeldetypane kan bidra til å belyse, og kva for utfordringar og moglegheiter dei ulike kjeldetypane opnar for, inkludert forholdet mellom digitaliserte og digitalt skapte kjelder. Me ser på trekk ved opphavssituasjonen til dei ulike kjeldetypane, kvar dei ulike kjeldene og kjeldeseriane finst og korleis me kan finne fram i dei. Emnet legg også vekt på å drøfte korleis primærkjelder kan koma til syne i ulike type historiefaglege tekstar, både for eit vitskapleg og eit allment publikum.
I tillegg gjev emnet ei innføring i lesing av gotisk handskrift (nygotisk paleografi), rådande i sentral-Europa/Norden frå ca. 1500 til siste halvdel av 1800-talet.
Admission reguirements
Generell studiekompetanse ellerrealkompetanse.
Anbefalte forkunnskapskrav: 60 studiepoeng på 1000-nivå i historie
Søknadskode 9199 enkeltemner - lavere grad.
Objective of the course
Etter bestått emne skal studentane ha følgjande læringsutbytte:
Kunnskapar
Studenten har kunnskap om:
- sentrale kjenneteikn ved den historiske kjeldekritikken
- sentrale kjeldekategoriar innanfor fagområdet
- kva for spørsmål ulike kjeldetypar kan bidra til å setje lyset på og presentere trekk ved opphavssituasjonen til ulike kjeldekategoriar
- kvar dei ulike kjeldeseriane finst og korleis ein finn fram til dei og finn fram i dei
Ferdigheiter
Studenten kan:
- kritisk vurdere historiske kjelder
- analysere og trekkje eigne slutningar ut frå aktuelle kjeldekategoriar frå ulike historiske periodar
- drøfte det historiske kjeldeomgrepet
- drøfte digitale utfordringar og moglegheiter i arbeid med historiske kjelder
- kjenne igjen og tyde gotisk handskrift
Studiepoengreduksjon
Du vil få en reduksjon i antall studiepoeng (som oppgitt under), dersom du avlegger eksamen i dette emnet og har bestått følgende emne(r) fra før av:
- HIS-2021 Historie sett i lys av kildene 5 stp
Teaching methods
Førelesingar (video), seminar og kollektiv og individuell rettleiing i samband med skriving av semesteroppgåve. Omfanget av undervisninga tilsvarar omtrent 36 timar, der 12 timar utgjer eit eige kurs i gotisk handskrift.
Undervisning som er gjeve i løpet av semesteret blir også rekna som del av det kunnskapsgrunnlaget studentar kan prøvast i til eksamen.
Alle emne blir evaluerte ein gong i løpet av programperioden. Studieprogramleiar avgjer kva for emne som skal evaluerast av studentar og lærar per år.
Language of instruction and examination
Undervisningsspråket skal normalt vera norsk. For å oppnå instrumentelle mål om å utvikle kompetanse i engelsk fagspråk hos norskspråklege studentar og/eller integrere studentar med anna morsmål enn norsk/anna skandinavisk språk, kan undervisningsspråket også vera engelsk.
Eksamensspråk er normalt norsk, men det kan også gjevast høve til å skrive oppgåver og eksamenssvar på andre språk. Det må eventuelt avtalast med instituttet på førehand.
Schedule
The schedules are normally finalized and published well in advance of the start of the semester, often a few weeks beforehand. This gives students the opportunity to organize their studies and prepare for upcoming activities.
It is recommended to check the schedule regularly, as changes may occur.
Examination
| Muntlig eksamen | Duration: 40 Minutter |
Grade: A–E, fail F |
To take an examination, the student must have passed the following coursework requirements
| Oppmøte på seminar | Grade: Approved – not approved |
| Prøve i gotisk handskrift | Grade: Approved – not approved |
| Skrive en artikkel på lokalhistoriewiki.no | Grade: Approved – not approved |
Everything you need to know about before, during, and after the exam; registration, absence, appeals, and diplomas: UiT Exams homepage
More info about the coursework requirements
Obligatorisk oppmøte på seminar (70%).
I første del av semesteret går det eit to-vekers intensivkurs i gotisk handskrift. Kurset er praktisk innretta med stor grad av rettleiing og oppfølging. Kurset blir avslutta med ei 3-timars prøve, som blir vurdert til godkjent/ikkje-godkjent.
Gjennom store delar av semesteret arbeider studentane med å skrive ein artikkel på lokalhistoriewiki.no, på minst 1000 ord og illustrert med bilete. Temaet for artikkelen er valfritt, men kjelder og/eller kjeldebruk og/eller kjeldekategoriar (digitaliserte eller digitalt skapte) skal vera ein sentral del av artikkelen. Studentane vil få både fagleg og redaksjonell rettleiing undervegs i arbeidet, og artikkelen blir publisert når arbeidskravet er godkjent.