Course code: HIS-3031

Komparativ historie – samfunnsendring på tvers av tid og rom

Campus Tromsø
Semester / year Autumn 2026
Duration 1 semester
Level Higher grade level
Credits 10

About the course

Emnet inngår i master i historie og lektor 8-13 studieretning historie.

Emnet kan tas som enkeltemne.

Emnet gir ei innføring i komparasjon som historisk analyseform. Gjennom å samanlikne ulike historiske case kan ein identifisere både strukturelle mønster, lokale særtrekk og variasjon i utfall. Tema og periode kan variere frå semester til semester. Casa kan vere politiske, sosiale, økonomiske, kulturelle eller territorielle, og skal opne for variasjon i utfall, utviklingsbanar eller strukturelle mønster. Emnet er realhistorisk forankra og gjev studentane trening i å bruke komparasjon som verktøy for historisk forklaring og forståing. Emnet gir kompetanse som er relevant for vidare studium og analytisk arbeid på mastergradsnivå, og for historiefagleg formidling og undervisning.

Admission reguirements

Fullført bachelorgrad eller tilsvarande. Bachelorgraden må ha ei faglig fordjupning på minimum 80 studiepoeng i historie. Det blir kravd at minimum 30 studiepoeng av fordjupninga er på 2000-nivå (påbyggingsnivå). (Det blir gitt unntak frå fordjupingspoeng i historie for bachelor i Russlandsstudier. Her er 70 studiepoeng fordjuping tilstrekkeleg som opptaksgrunnlag.).

Det blir stilt eit fagleg minstekrav for opptak på karakteren C (2,5). Karakteren blir berekna som eit vekta gjennomsnitt av alle emne som inngår i opptaksgrunnlaget. Emne med vurderingsuttrykk "bestått" blir ikkje inkludert i utrekninga.

Søknadskode 9371 - enkeltemne på masternivå.

Objective of the course

Etter bestått emne skal studenten ha følgjande læringsutbytte:

Kunnskap

Studenten:

  • har ei avansert forståing av kva som skaper samfunnsendring over tid
  • har ei kritisk og sjølvstendig haldning til historiefaglege framstillingar
  • har inngåande kjennskap til grunnleggjande omgrep knytt til likskap, ulikskap, parallellar, kontrastar og variasjon
  • har avansert kunnskap om korleis historiske fenomen kan forklarast gjennom komparasjon på tvers av tid og/eller rom

Ferdigheiter

Studenten:

  • kan kritisk drøfte moglege forklaringsfaktorar for variasjon og likskap om historiske prosessar og formulere komparative resonnement
  • kan gjennomføre ein sjølvstendig, avgrensa komparasjon av to eller fleire historiske fenomen eller problemområde ved hjelp av historiefaglege teoriar og i tråd med fagets eigenart
  • kan systematisere, strukturere, dokumentere og framstille historisk fagstoff på ein fagleg forsvarleg og etterretteleg måte
  • kan oppdatere kunnskapen sin innan fagdisiplinen historie

Teaching methods

Førelesingar, seminar og sjølvstudium

Language of instruction and examination

Norsk

Recommended reading/syllabus

Du kan se og få tilgang til deler av pensum via Leganto.

Pensumliste for HIS-3031 - Komparativ historie – samfunnsendring på tvers av tid og rom (HØST 2026)

Schedule

The schedules are normally finalized and published well in advance of the start of the semester, often a few weeks beforehand. This gives students the opportunity to organize their studies and prepare for upcoming activities.

It is recommended to check the schedule regularly, as changes may occur.

Examination

Exams
Skriftlig skoleeksamen Date: 20.11.2026 09:00 Duration: 4 Timer Grade:
A–E, fail F
Coursework requirements

To take an examination, the student must have passed the following coursework requirements

Skriftlig arbeidskrav 1 Grade:
Approved – not approved
Skriftlig arbeidskrav 2 Grade:
Approved – not approved

Everything you need to know about before, during, and after the exam; registration, absence, appeals, and diplomas: UiT Exams homepage

More info about the coursework requirements

To arbeidskrav:

  • Skriftleg 2 sider
  • Skriftleg 4 sider

Re-sit examination

Det blir ikkje arrangert kontinuasjonseksamen.

Other years and semesters

Contact us

E-mail: hsl-instadm@uit.no Telefon: 77660793