Moderne språkstruktur
About the course
Emnet kan takast som eit enkeltemne og er ein del av årsstudiet i nordisk, lektor i språk og samfunnsfag for trinn 8-13 med nordisk som fag 1 og 2 og bachelor i nordisk språk og litteratur.
Emnet gjev ei grunnleggande innføring i fonologi, morfologi og syntaks i moderne norsk, i nokon monn også grunnleggande strukturelle skilnader mellom norsk og andre nordiske språk. Studiet av fonologi er framom alt knytt til transkripsjon (med fokus på å lære å transkribere eigen dialekt med IPA, men i mindre grad markering av lengde og trykk) og stavingsstruktur. Studiet av morfologi er knytt til ordklassar, ordlaging og ordstruktur i norsk. I syntaks lærer ein grunnleggande setningsanalyse. Emnet gjev også ei kort innføring i norsk som andre språk, semantikk og pragmatikk.
Admission reguirements
Generell studiekompetanse eller realkompetanse.
Søknadskode 9199 enkeltemne (ikke realfag) lågare grad. Du treng ikkje oppgje kva for emne du søkjer opptak til.
Objective of the course
Etter greidd eksamen har studentane følgjande læringsutbyte:
Kunnskapar
Studenten har:
• grunnleggande kunnskapar om moderne norsk fonologi, morfologi og syntaks, i nokon monn også svensk og dansk språkstruktur
• kjennskap til norsk som andrespråk, semantikk og pragmatikk
Ferdigheiter
I samsvar med teoriar og metodar som emnet bygger på kan studenten:
• analysere moderne norsk - i nokon monn også svensk og dansk - fonologi, morfologi og syntaks
• sjå semantiske og pragmatiske relasjonar i norsk språk
• gjere ei grunnleggande analyse av ein norsk andrespråkstekst
Studiepoengreduksjon
Du vil få en reduksjon i antall studiepoeng (som oppgitt under), dersom du avlegger eksamen i dette emnet og har bestått følgende emne(r) fra før av:
- NORD-102 Nordisk grunnfag, språklig del 10 stp
- NOR-1021 Moderne språkstruktur. Spesialemne for internasjonale studenter 10 stp
- NORDGFS Nordisk grunnfag, språklig del 10 stp
Teaching methods
Undervisninga er i form av forelesningar, seminar og øvingar. Sjå timeplan for meir detaljert informasjon om tidspunkt for undervisning.
Kvalitetssikring:
Alle emne vert evaluerte ein gong i løpet av programperioden. Studieprogramleiar avgjer kva for emne som skal evaluerast av studentar og lærar kvart år.
Language of instruction and examination
Undervisnings- og eksamensspråket er norsk. Pensumlitteraturen er på norsk, og ev. andre skandinaviske språk og engelsk.
Eksamensspråket er norsk - målform bokmål.
Recommended reading/syllabus
Du kan se og få tilgang til deler av pensum via Leganto.
Pensumliste for NOR-1011 - Moderne språkstruktur (HØST 2026)Schedule
The schedules are normally finalized and published well in advance of the start of the semester, often a few weeks beforehand. This gives students the opportunity to organize their studies and prepare for upcoming activities.
It is recommended to check the schedule regularly, as changes may occur.
Examination
| Skriftlig skoleeksamen | Date: 15.12.2026 09:00 Duration: 6 Timer |
Grade: A–E, fail F |
To take an examination, the student must have passed the following coursework requirements
| Skriftlig arbeidskrav 1 | Grade: Approved – not approved |
| Skriftlig arbeidskrav 2 | Grade: Approved – not approved |
| Skriftleg arbeidskrav 3 | Grade: Approved – not approved |
Everything you need to know about before, during, and after the exam; registration, absence, appeals, and diplomas: UiT Exams homepage
More info about the coursework requirements
Tre obligatoriske skriftlege oppgåver. Målform: nynorsk.
Arbeidskrava er gyldige i eitt semester.