spring
2024
NOR-3024 Flerspråklighet - 10 stp
Admission requirements
Opptakskrav:
Bachelorgrad i nordisk språk og litteratur, eller tilsvarande grad. Grada må ha ei fagleg fordjuping på minimum 80 studiepoeng i nordisk, med 60 studiepoeng (stp.) på 1000-nivå og 20 stp. på 2000-nivå. Som eit unntak kan emne utanfor grada takast med som ein del av fordjupinga. Kontakt instituttet for nærare informasjon om dette.
Det er òg krav om gjennomsnittskarakter på C (2,5) eller betre. Karakteren blir berekna som eit vekta gjennomsnitt av alle emna som inngår i grunnlaget for opptak (bachelorgraden, 180 stp.). Emne med vurderingsuttrykk 'bestått' blir ikkje tatt med i utrekninga.
Søknadskode 9371 - Enkeltemne på masternivå. I merknadsfeltet må du oppgje emnekoden på emnet du ønskjer å søkje opptak til.
Course content
Emnet gjev ei innføring i allmenne teoriar om fleirspråklege samfunn og individ, forholdet mellom majoritets- og minoritetsspråk, fleirspråklegheit i skolen, fleirspråkleg utvikling i individet og kontakt mellom ulike språk. Emnet tek opp både historiske og notidige perspektiv, og det fleirspråklege Nordkalotten vil bli særleg vektlagt. Vektlegginga av tema i emnet kan elles variere.Objective of the course
Etter bestått eksamen har studentane følgjande læringsutbyte:
Kunnskapar
Studenten har:
• kunnskap om allmenne teoriar om fleirspråkleg utvikling og fleirspråklege samfunn og om ulike sider ved språkforholda i fleirspråklege samfunn
Ferdigheiter
Studenten kan:
• skildre og drøfte problemstillingar knytte til fleirspråklegheit på ein klår måte og med korrekt språkføring
Kompetanse
Studentane kan:
• bruke kunnskap om fleirspråklegheit til å reflektere over situasjonar der fleirspråklegheit er eit sentralt tema
Teaching methods
Ordinær undervisning blir gjeven i form av ca. tre samlingar over to dagar med ca. 8 timar i kvar der det blir føresett aktiv deltaking frå studentane i form av framlegg, diskusjonsinnlegg o.l.
Kvalitetssikring av emnet:
Alle emne vert evaluerte ein gong i løpet av programperioden. Studieprogramleder avgjer kva for emne som skal evaluerast av studentar og lærarar kvart år.
Examination
Examination: | Date: | Grade scale: |
---|---|---|
Oppgave | 03.05.2024 14:00 (Hand in) | A–E, fail F |
Coursework requirements:To take an examination, the student must have passed the following coursework requirements: |
||
Tekst 1 | Approved – not approved | |
Tekst 2 | Approved – not approved | |
Tekst 3 | Approved – not approved |
More info about the coursework requirements
I løpet av semesteret skal studenten skrive tre tekstar på mellom 8000 og 10000 teikn knytt til ulike tematiske delar av kurset nærmare fastsett av den/dei kursansvarlege.Minst ein av tekstane skal vere skriven på bokmål og minst ein på nynorsk. Den tredje teksten skal skrivast på valfri målform, evt. anna språk etter avtale med emneansvarleg. Tekstane kan skrivast individuelt eller i ei gruppe på to eller tre: ein samskriven tekst må vere på minst 10 000 teikn og ikkje meir enn 20 000 teikn. Gruppesamansetjing kan variere frå gong til gong. Tekstane blir evaluerte med godkjent/ikkje godkjent.
Arbeidskrava er gyldige i eitt semester.
More info about the assignment
Ei semesteroppgåve som er ei vidareutvikling av ein av dei tre tekstane skrivne som arbeidskrav.Oppgåva kan skrivast individuelt eller i gruppe på to eller tre. Ei individuell semesteroppgåve skal ha eit omfang på 10-15 sider/4 000-6 000 ord, medan ei gruppeoppgåve må ha eit omfang som gjev tilsvarande arbeidsinnsats frå alle deltakarane. Føremålet med semesteroppgåva skal vere å knyte teoristoffet til relevante problemstillingar som gjeld fleirspråklege individ eller eitt eller fleire samfunn. Eksamensspråk: norsk (bokmål eller nynorsk).- Questions about the course
-
E-post: aisi@hjelp.uit.no
Telefon: 77660793
- Earlier years and semesters for this topic