spring
2017
PSY-3001 Affektiv nevrovitenskap - 10 stp
Objective of the course
Studentane skal etter fullført kurs ha oppnådd følgjande læringsmål:Kunnskap og forståing av grunnleggjande teori om forskingstema og metodar som er beskrivne under emnet sitt innhald.
Ferdigheiter i forståing og formidling av forskingsresultat frå primærkjelder, samt å forstå grunnleggande eksperimentell metodikk.
Kompetanse i å formulere eksperimentelle undersøkingar av problemstillingar ved hjelp av tradisjonelle psykologiske og moderne nevrovitskaplege metodar.
Teaching methods
Det gis ei forelesingsrekke fordelt på ulike tema som er oppgitt i kurset sin timeplan. Forelesingane tar utgangspunkt i anbefalt litteratur, men vil og introdusere andre perspektiv, tilgrensande tema og utvalde undersøkingar. Det blir gitt rettleiing på ein eksperimentell pilotstudie innan forskingstema for tilsette ved IPS.Assessment
5 timars skuleeksamen. Vurderes etter karakterskala A-F. Ved karakteren F tilbys kontinuasjonseksamen tidlig i det påfølgende semester.
Arbeidskrav:
For å kunne avlegge eksamen krevjast fullført og godkjent følgjande:
Eksperimentell pilotstudie: Studentane skal delta i ein eksperimentell undersøking under rettleiing av ein av dei vitskapleg tilsette. Studentane delast inn i grupper på 3-4, og gjennomfører ei mindre undersøking. Det blir gitt informasjon om teori bak undersøkinga, metode, analyse av resultat, og diskusjon av data. Undersøkinga skal resultere i ein rapport på 5-8 sider. Rapporten leverast i Classfronter. Rapporten kan danne utgangspunkt for forskingsrapporten som skal leverast i tredje semester. Tilbakemelding blir gitt innan 5 arbeidsdagar. Dersom arbeidskravet ikkje blir godkjent, får studenten høve til å levere på nytt innan gitt frist.
Error rendering component