UiT Noregs arktiske universitet ynskjer å invitera pressen til forskingsshowet Forskar Grand Prix. I den regionale finalen på torsdag skal ni dugelege doktorgradsstudentar ved UiT konkurrera om å verta best på forskingsformidling – i god Grand Prix-ånd.  " /> UiT Noregs arktiske universitet ynskjer å invitera pressen til forskingsshowet Forskar Grand Prix. I den regionale finalen på torsdag skal ni dugelege doktorgradsstudentar ved UiT konkurrera om å verta best på forskingsformidling – i god Grand Prix-ånd.  " />

Velkomen til Forskar Grand Prix i Tromsø

UiT Noregs arktiske universitet ynskjer å invitera pressen til forskingsshowet Forskar Grand Prix. I den regionale finalen på torsdag skal ni dugelege doktorgradsstudentar ved UiT konkurrera om å verta best på forskingsformidling – i god Grand Prix-ånd.  
Solhaug, Randi Merete
Published: 25.09.18 00:00 Updated: 08.10.18 15:06

  • Stad: Studentsamfunnet Driv
  • Tid: Torsdag 27. september klokka 19.00

Det vert konfetti, greenroom og publikumsstemmar, og med Christer Johnsgård som konferansier ligg alt til rette for ein storslegen kveld når vi skal kåra dei to beste kandidatane frå region nord. Aktørane er nøye valt ut, og har berre fire minutt på seg til å vinna juryen og publikum sin gunst.

Vinnarane skal representera Nord-Noreg i den nasjonale finalen i Tromsø 29. september.

Forskar Grand Prix er ein del av den landsomfattande, årlege forskingsfestivalen "Forskningsdagene". Det vert ein forrykende kveld med god stemning, der ein garantert får læra mykje nytt.

Les meir om arrangementet og om deltakarane her.

Rektor Anne Husebekk ved UiT Noregs arktiske universitet vil vera til stades, og dela ut pokal til vinnerane.


Kontaktpersonar:

Camilla Martinsen, rådgjevar, tlf.  907 35 336/ 776 45 584/ camilla.martinsen@uit.no  

Randi M. Solhaug, seniorrådgjevar, tlf. 905 70 957/776 44 981/ randi.solhaug@uit.no

Solhaug, Randi Merete
Published: 25.09.18 00:00 Updated: 08.10.18 15:06