UiT utsett for faktura- og betalingsbedrageri

UiT Norges arktiske universitet blei i oktober utsett for ei sofistikert form for faktura- og betalingsbedrageri. Dette er ein type svindel kor personar med utbetalingsmyndigheit blir lurt til å betala ein falsk faktura. Svindelen skjedde i samband med mottak og betaling av ein faktura på 1,2 millionar euro frå ein utanlandsk leverandør.

Aarskog, Karine Nigar
Published: 19.12.19 11:30 Updated: 13.01.20 10:21

UiT fekk i oktober ein faktura på e-post frå ein utanlandsk leverandør for delbetaling av ei røntgenmaskin. Fakturaen var korrekt og frå riktig leverandør. Få dagar seinare fekk UiT ei ny melding frå det som tilsynelatande var leverandøren, med ny faktura med oppdatert betalingsinformasjon og stadfestingar på dette. Endringa vart effektuert og betaling gjennomført i samsvar med UiTs rutinar.

Ei veke etter utbetalingsdato vart det oppdaga at leverandøren likevel ikkje hadde fått betalinga, og at UiT var utsett for svindel. Same dag vart svindelen meld til politiet og til UiT sin bank. UiT har samarbeidet med politiet i samband med etterforskinga. Saka er òg under oppfølging av UiT sin bank.

– Hendingar som dette utfordrar eksisterande system og rutinar, og vi ser at det er nødvendig å ha auka merksemd ved større transaksjonar, spesielt ved kjøp frå utlandet, seier universitetsdirektør Jørgen Fossland ved UiT Noregs arktiske universitet.

Kunnskapsdepartementet er informert om forholdet.  

 

Kontaktperson:
Universitetsdirektør Jørgen Fossland
Telefon: 95150414
E-post: jorgen.fossland@uit.no

Aarskog, Karine Nigar
Published: 19.12.19 11:30 Updated: 13.01.20 10:21