Forsvarsministeren besøker UiT: Kva blir rolla til forsvarets dei neste åra?
Fredag 21. februar held forsvarsminister Frank Bakke-Jensen frukost-foredrag og møter studentar og andre politikk-interesserte på UiT i Tromsø. Ministeren skal fortelja om, og diskutera, den langsiktige planen for forsvaret framover.
Når: Fredag 21. februar kl. 09.00–10.30
Kvar: Auditorium 2, Teorifagbygget (etasjen under Universitetsbiblioteket) i Breivika.
Temaet for innlegget til forsvarsministeren er: Kva blir rolla til forsvarets dei neste åra? Korleis skal forsvaret sjå ut i framtida og kva truslar skal vi verna oss mot?
Forsvarets hovudoppdrag er å verna om Noregs suverenitet, demokrati og politiske handlefrihet. Korleis kan og bør Noreg gjera det? Kva treng vi, og korleis planlegg vi for framtida?
Bakteppet er at regjeringa denne våren legg fram både ein ny langtidsplan for forsvarssektoren og ei ny samfunnstryggleiksmelding. Det er ikkje tilfeldig at desse to blir lagt fram samtidig. Regjeringa vil i større grad ha en heilskapleg tilnærming til samfunnstryggleik og statssikkerheit for å ta vare på tryggleiken i nasjonen, der forsvaret verken kan eller skal stå åleine i den jobben.
Under denne UiT-frukosten får du altså høve til å høyra meir om regjeringa si strategi, og diskutera utfordringar og moglegheiter framover.
Masterstudent Herman Siggerud er moderator, og studentane vil få god tid til å stilla spørsmål.
Gratis frukost og kaffi blir servert frå 08.45.
UiT-frukost er ein fagleg-politisk arena som blir arrangert av studentane på Institutt for Samfunnsvitskap, der dagsaktuelle politiske spørsmål blir diskuterte i ei fagleg ramme.
Kontaktpersonar:
1) Berit Kristoffersen, førsteamanuensis, samfunnsvitskap
Tlf. 95 70 26 00 / 77 64 69 67
E-post: berit.kristoffersen@uit.no
2) Trude Haugseth Moe, kommunikasjonsrådgivar
Tlf. 95 76 35 23 / 77 62 52 57
E-post: trude.haugseth.moe@uit.no