Heljarskinn var ein av dei fyrste og mektigaste landnåmsmennene på Island, men er ikkje vorten ein del av den store, nasjonale forteljinga om dei som bygde landet. Kvifor er det vorte slik, undra forfattaren Bergsveinn Birgisson seg - og gav seg i kast med det som vart Den svarte vikingen, ei kritikarrost og mykje lesen bok frå 2013.

Birgisson har nøsta i historia og leita etter svar på desse spørsmåla - om det som var hans eigen 30. tippoldefar. Sjølv om landnåmstida på Island har relativt mykje kjeldemateriale etter seg - jamført med andre område i nord for 1100 år sidan - er det likevel berre fragment av historia om Heljarskinn som er bevart. Boka er difor eit puslespel av ulike type leivningar og kjelder - kombinert med ein stor del dikting, som Birgisson måtte supplere med for å teikne eit bilete av forfaren sin. Boka er såleis ein del av ein for tida populær sjanger - romanar bygd på historisk kjeldemateriale - men Den svarte vikingen er mest sin heilt eigen sjanger, som ei blanding av ei fagbok med eit grundig, fleirfagleg notepparat og ei tydeleg dikta forteljing. I tillegg til å vera knakande godt skrive!
"Sjelden har vikingtiden vært levendegjort på denne måten", reklamerer forlaget med.
Birgisson vil først fortelja sjølve historia om Geirmund Heljarskinn, før han deretter reiser ein del teoretiske og faglege spørsmål knytt til skrivinga av ei slik bok. Forskingsgruppa Ceating the New North er vertskap for diskusjonen, men også den er sjølvsagt open for alle interesserte.
Det blir til og med enkel servering.
Velkomen!
PS Seinare same kveld skal Bergsveinn Birgisson sakkke om Fridtjof Nansens klassikar Nord i Tåkeheimen på Polar bokkafe.