spring
2024
NOR-2024 Flerspråklighet - 10 stp
Type of course
Emnet kan takast som enkeltemne og er eit valemne i bachelor i språk og litteratur og lektorutdanning 8-13, studieretning nordisk. Emnet kan også takast som vidareutdanning av lærarar.
Studentar som går bachelor i nordisk språk og litteratur, eller lektorutdanning 8-13, studieretning nordisk, må ta dette emnet under koden NOR-2024 frå og med hausten 2018.
Anbefalte forkunnskapar er emne i nordisk på 1000-nivå eller tilsvarande.
Emnet har 100 % overlapp med HIF-2012.
Innhald
Emnet gjev ei innføring i allmenne teoriar om fleirspråklege samfunn og individ, forholdet mellom majoritets- og minoritetsspråk, fleirspråklegheit i skolen, fleirspråkleg utvikling i individet og kontakt mellom ulike språk. Det fleirspråklege Nordkalotten med både gammal og ny fleirspråklegheit vil bli særleg vektlagt. Vektlegginga av tema i emnet kan elles variere.Kva lærer du
Etter bestått eksamen har studentane følgjande læringsutbyte:
Kunnskapar
Studentane har:
- kunnskap om allmenne teoriar om fleirspråkleg utvikling og fleirspråklege samfunn og om ulike sider ved språkforholda i fleirspråklege samfunn.
Ferdigheiter
Studentane kan:
- skildre og drøfte problemstillingar knytte til fleirspråklegheit på ein klår måte og med korrekt språkføring
Teaching methods
Ordinær undervisning blir gjeven i form av ca. tre samlingar over to dagar med ca. 8 timar i kvar der det blir føresett aktiv deltaking frå studentane i form av framlegg, diskusjonsinnlegg o.l.
Kvalitetssikring av emnet:
Alle emne vert evaluerte ein gong i løpet av programperioden. Studieprogramleder avgjer kva for emne som skal evaluerast av studentar og lærarar kvart år.
Examination
Examination: | Date: | Grade scale: |
---|---|---|
Oppgave | 03.05.2024 14:00 (Hand in) | A–E, fail F |
Coursework requirements:To take an examination, the student must have passed the following coursework requirements: |
||
Tekst 1 | Approved – not approved | |
Tekst 2 | Approved – not approved | |
Tekst 3 | Approved – not approved |
More info about the coursework requirements
I løpet av semesteret skal studenten skrive tre tekstar på mellom 8000 og 10000 teikn knytt til ulike tematiske delar av kurset nærmare fastsett av den/dei kursansvarlege.Minst ein av tekstane skal vere skriven på bokmål og minst ein på nynorsk. Den tredje teksten skal skrivast på valfri målform, evt. anna språk etter avtale med emneansvarleg. Tekstane kan skrivast individuelt eller i ei gruppe på to eller tre: ein samskriven tekst må vere på minst 10 000 teikn og ikkje meir enn 20 000 teikn. Gruppesamansetjing kan variere frå gong til gong. Tekstane blir evaluerte med godkjent/ikkje godkjent.
Arbeidskrava er gyldige i eitt semester.
Mer info om vurderingsform oppgåve
Ei semesteroppgåve som er ei vidareutvikling av ein av dei tre tekstane skrivne som arbeidskrav.Oppgåva kan skrivast individuelt eller i gruppe på to eller tre. Ei individuell semesteroppgåve skal ha eit omfang på 10-15 sider/4 000-6 000 ord, medan ei gruppeoppgåve må ha eit omfang som gjev tilsvarande arbeidsinnsats frå alle deltakarane. Føremålet med semesteroppgåva skal vere å knyte teoristoffet til relevante problemstillingar som gjeld fleirspråklege individ eller eitt eller fleire samfunn. Eksamensspråk: norsk (bokmål eller nynorsk).- Questions about the course
-
E-post: aisi@hjelp.uit.no
Telefon: 77660793
- Earlier years and semesters for this topic