Course code: PFF-3025

Norskdidaktikk

Campus Tromsø
Semester / year Spring 2027
Level Higher grade level
Credits 10

About the course

Emnet kan ikke tas som enkeltemne, men er obligatorisk for studenter på lektorutdanning 8-13 som har nordisk som fag 1 eller 2.

For å ta emnet må studentene ha oppfylt følgende progresjonskrav i fagplanen for lektorutdanningen 8-13: For å starte på profesjonsfag og praksis i år 4 (8. semester), må studentene ha bestått profesjonsfag og praksis år 3, ha minimum 50 studiepoeng i hvert av de to fagene sine, bestått fordypningsoppgaven og ha oppnådd minimum 190 studiepoeng totalt i forhold til fagplanen.

I PFF-2025 Innføring i norskdidaktikk (norskdidaktikkemnet i 5. semester) er det fokus på faghistorie, læreplan, baklengs planlegging, lesing og skriving. Emnet PFF-3025 Å undervise i norskfaget: Tekst, kultur og kompetanse, byggjer vidare på den norskdidaktiske kompetansen frå førre norskdidaktikkemne, praksis og disiplinfag, og går djupare inn i andre sentrale sider ved norskfaget. Samla skal emna i norskdidaktikk gi god innsikt og forståing for kjerneelementa i skolefaget norsk og ein solid kompetanse på ei rekkje profesjonsrelevante område.

I PFF-3025 Å undervise i norskfaget: tekst, kultur og kompetanse, er fokuset på teksthistorie og tekstkunnskap, språkleg og kulturelt mangfald, sidemålsdidaktikk og litteraturdidaktikk - i tillegg til ulike læremiddel og vurdering i norsk. Det å utvikle og vurdere mellom anna litterær kompetanse og munnleg kompetanse i faget står heilt sentralt i dette emnet.

Fleire innfallsvinklar skal utforskast i arbeidet med litteratur og språkleg mangfald. I undervisinga vil vi mellom anna sjå på korleis ulike digitale verktøy kan brukast i undervisning og vurdering i norskfaget.

Objective of the course

Kva lærer du?

Kunnskapar

Studenten har:

  • inngåande kunnskap om sentrale diskusjonar om norskfaget som kunnskapsfag, danningsfag og reiskapsfag
  • avansert forståing for korleis val av digitale og analoge tekstar i norskundervisninga speglar fagets formål, tradisjon, eigen fagleg ståstad og utvikling
  • god innsikt i korleis ein i arbeidet med skjønnlitteratur kan skape engasjement og oppleving av relevans hos elevar, og korleis ein kan legitimere skjønnlitteraturen sin plass i faget
  • kunnskap om opplæring i og vurdering av munnleg kompetanse i faget
  • kunnskap om dei ulike læreplanane i norsk og om rettar knytt til desse
  • kunnskap om og innsikt i korleis digitale verktøy kan brukast i undervisning og vurdering i faget

Ferdigheiter

Studenten kan:

  • analysere og halde seg kritisk til læremiddel og arbeidsformer i norsk, og grunngi val og vurderingar med utgangspunkt i teori, forsking, læreplanar og eige fagsyn
  • gjere medvitne og sjølvstendige tekstval og argumentere for metodiske val i arbeid med skjønnlitteratur
  • gi opplæring i og vurdere elevane si lytte- og talekompetanse, med og utan bruk av digitale verktøy
  • drøfte korleis og kvifor språk og tekstar formar og blir forma i ulike kulturelle fellesskap, og korleis kulturelle og historiske referanserammer påverkar arbeidet i norskfaget
  • diskutere og arbeide med sentrale problemstillingar knytte til posisjonen og funksjonen til nynorsk og bokmål i skolen og samfunnet
  • gjennomføre eit sjølvstendig, avgrensa forskings- eller utviklingsprosjekt under rettleiing og i tråd med gjeldande forskingsetiske normer

Kompetanse

Studenten kan:

  • bruke digitale verktøy på ein føremålstenleg måte som styrkjer elevane sine læringsprosessar
  • lage undervisningsopplegg i norsk der arbeidsformer, arbeidsmateriale og vurdering heng saman med avansert innsikt i fagforståing og læringsprosessar
  • vurdere og analysere elevane si munnlege og skriftlege kompetanse og gi utviklingsfremjande og tilpassa tilbakemeldingar, mellom anna ved hjelp av digitale verktøy
  • formidle sjølvstendig arbeid med relevante faglege problemstillingar og meistre uttrykksformene i norskfaget

Forkunnskapskrav

Obligatory prerequisites

PFF-2001 Praksis år 3 i Lektorutdanning for trinn 8-13, PFF-2020 Ledelse av læringsprosesser, PFF-2025 Innføring i norskdidaktikk

Teaching methods

Undervisning

Om lag 40 timar undervisning i form av førelesingar og seminar med førebudde studentinnlegg.

Det finst eiga emnebeskriving for praksis i PFF-3001, som skildrar læringsutbyttet for praksis i 4. studieåret i lektorutdanninga.

Language of instruction and examination

Undervisiningsspråk er norsk. Eksamensspråk er norsk (nynorsk/ bokmål).

Schedule

The schedules are normally finalized and published well in advance of the start of the semester, often a few weeks beforehand. This gives students the opportunity to organize their studies and prepare for upcoming activities.

It is recommended to check the schedule regularly, as changes may occur.

Examination

Exams
Muntlig eksamen Duration: 30 Minutter Weighting: 8/10 Grade:
A–E, fail F
Oppgave Weighting: 2/10 Grade:
A–E, fail F
Coursework requirements

To take an examination, the student must have passed the following coursework requirements

Tilstrekkelig deltakelse på undervisning Grade:
Approved – not approved
Praksis 4.studieår Grade:
Approved – not approved
Podcast eller læringsfilm Grade:
Approved – not approved

Everything you need to know about before, during, and after the exam; registration, absence, appeals, and diplomas: UiT Exams homepage

More info about the coursework requirements

  • Følgjande arbeidskrav må vere gjennomførte og godkjende før studenten kan gå opp til eksamen:
  • Tilstrekkeleg deltaking i undervisninga (minimum 80 %)
  • Bestått praksis i 4. studieår
  • Godkjent tema og problemstilling til eksamen innan fastsett frist
  • Podcast eller læringsfilm om oppgitt tema, som blir delt med medstudentar
  • Arbeidskrava blir vurderte til godkjent / ikkje godkjent.

More info about the oral exam

Muntlig eksamen med innlevert abstrakt.

Re-sit examination

Det blir arrangert kontinuasjonseksamen for studentar som ikkje har bestått siste ordinære eksamen i emnet.

Other years and semesters

Contact us