Innpass av ekstern utdanning

Dersom du har gjennomført høgare utdanning ved andre lærestadar, kan du søkje om godkjenning / innpassing av denne utdanningen / emne

Det kan vera snakk om enkeltemne som kan kvalifisere for fritak for tilsvarande emne som inngår i din utdanningsplan ved UiT slik at du i visse tilhøve kan korte ned studietida di. Om det er snakk om innpassing av emne i første semester så hastar det med å få dette vurdert. Då må du kontakte studiekonsulent ved Institutt for informatikk, Jan Fuglesteg, snøggast råd.

Skjema for søknad om godkjenning av utdanning fra andre læresteder

For at ein skal kunna gjera innpassing må du dokumentere din eksterne utdanning med attestert kopi av vitnemål / karakterutskrift. I tillegg må du oppgi kva studium du skal ta ved UiT, og dokumentere det faglege innhaldet i din eksterne utdanning (til dømes i form av studieplanar, fag-/emnebeskrivingar, pensumlister).