Lørdagsuniversitetet: Treffsikker petroleumsleiting (Tromsø)

Olje og gass har gjeven oss i Noreg stor velstand, og vil gje oss gode inntekter i fleire tiår til. Få eit innblikk i forsking som vil auke presisjonen og redusere miljørisikoen ved leiting etter petroleum i sårbare områder i nord.

På verdsbasis dominerer petroleum som energikjelde. Den høge levestandarden vi har i Noreg kan i stor grad knytast til petroleumsressursane og dei høge skattane denne produksjonen gjer til fellesskapet. Utviklinga av næringa har likevel gått relativt sakte i nord, noko som skuldast at det har vore vanskelig å finne antatt tilgjengelege ressursar. Andre årsakar er utfordrande vær- og lysforhold, skarpt fokus på miljørisiko og sikkerhet, og store avstandar. 

Den nordnorske sokkelen består av svært gamal havbotn som har hatt ein dramatisk geologisk historie. For å forstå den geologiske utviklinga treng vi god matematisk og geologisk kunnskap for å føreseie kvar petroleumsressursane potensielt kan opphalde seg – og samtidig auke presisjonen i jakta på desse. I dette foredraget vil forskinga på nordnorske petroleumsressursar bli satt i eit større historisk og geopolitisk perspektiv. Foredragsholdar Alfred Hanssen vil òg belyse dilemma (og moglege løysningar) knyta til klima og miljørisiko.

When: 09.03.19 at 13.00–14.00
Where: KulturHuset, Lillescenen
Location / Campus: Tromsø
Target group: Employees, Students, Guests, Invited
Contact: Irene Mercer
E-mail: irene.mercer@uit.no
Add to calendar