Ministeren inviterer kommunar til speed-date med lærarstudentar

Kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen inviterer alle kommunane i Troms og Finnmark til ein speed-date med lærarstudentar frå UiT.
Brøndbo, Stig
Published: 24.03.17 09:00 Updated: 30.01.18 18:25

Kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen inviterer alle kommunane i Nord-Noreg til å presentere korleis dei jobbar for å rekruttere lærarar til alle dei ledige jobbane i nord, og å treffe jobbsøkande lærarstudentar ved UiT i Tromsø og Alta. Foto: Stig Brøndbo

– Eg ønsker å møte alle skoleeigarane i Troms og Finnmark for å høyre kva konkrete planar dei har for å rekruttere lærarar til sin kommune, seier Torbjørn Røe Isaksen. Difor har Kunnskapsdepartementet saman med UiT Noregs arktiske universitet invitert alle skoleeigarar (kommunane) frå Sør- og Midt-Troms til eit møte på UiT tysdag i neste veke. Onsdag reiser han til UiT i Alta for å møte skoleeigarane frå Nord-Troms og Finnmark.

Konkrete tiltak                      
Da Humaniorameldinga blei presentert onsdag sa ministeren at ho ikkje inneheld nye pengeløyvingar. Han opna likevel for å finansiere tiltak for å rekruttere fleire til å ta lærarutdanning, til å motivere ferdig utdanna lærarar til å ta etter- og vidareutdanning i språkfag og til å få fleire kvalifiserte lærarar til å ta jobb i nord.
– Eg er difor interessert i å høyre korleis skeleeigarane faktisk jobbar med rekruttering til yrket. Dersom det er gode tiltak, vil vi sjå på om regjeringa kan vera med på å støtte dei, seier Røe Isaksen.

Bekymra
Departementet ønsker ikkje at møta i Tromsø og Alta skal vere ei idémyldring om kva som kan gjerast. Dei vil sjå konkrete planar.
– Sjølv om det er kommunane som har ansvar for å rekruttere lærarar, så er regjeringa bekymra for den store mangelen på kvalifiserte lærarar som alt er i Nord-Noreg – og for utviklinga som viser at mangelen på lærarar kjem til å auke i åra som kjem, seier Røe Isaksen. Dekan Sonni Olsen deler denne bekymringa, og ønsker møtet neste veke med skoleeigarane i Troms og Finnmark velkommen.
– Vi har vore pionerar i arbeidet med å utvikle lærarutdanninga til å bli ei masterutdanning, men er foreløpig ikkje nær å utdanne nok lærarar til alle dei ledige jobbane i nord, seier Olsen.

Speed-date
Frå hausten 2017 blir alle lærarutdanningane i Noreg ei femårig masterutdanning. Ved UiT har lærarutdanninga vore på masternivå sidan 2010, og rektorane har stått i kø for å tilsetje dei ferdig utdanna masterlærarane. For å gjere det endå meir attraktivt å ta seg jobb i nord, ønsker kunnskapsministeren at møta i Tromsø og Alta også skal vere ein arena der skoleeigarane kan møte jobbsøkande lærarstudentar ansikt til ansikt for å lokke dei til sin kommune. I Tromsø inviterer han difor både skoleeigarar og lærarstudentane til pizzakveld så kommunane får sjansen til å få ein speed-date med ein jobbsøkande lærarstudent. I Alta inviterer han til eit lunsjmøte med same agenda.

Brøndbo, Stig
Published: 24.03.17 09:00 Updated: 30.01.18 18:25