To nye dekanar ved UiT


Thrina Loennechen er tilsett som dekan ved Det helsevitskapelege fakultet, og Lena Bendiksen er tilsett som dekan ved Det juridiske fakultet.

Thrina Loennechen Foto: UiT

Det vart avgjort på universitetsstyremøtet i dag, 30. november.

Thrina Loennechen er i dag instituttleiar ved Institutt for farmasi ved UiT.

Lena Bendiksen er i dag professor ved Det juridiske fakultet. Ho var einaste søkjar til stillinga.

Som følgje av at UiT sitt styre i juni vedtok å redusere talet på fakultet frå åtte til seks, vart det tidlegare i haust kunngjort seks dekanstillingar.

På universitetsstyremøtet i oktober i år vart dei fire fyrste dekanane tilsett. Bjørn Solvang skal leiga Fakultet for ingeniørvitskap og teknologi (IVT-fak), Sonni Olsen skal leie Fakultet for humaniora, samfunnsvitskap og lærarutdanning (HSL-fak), Kathrine Tveiterås skal leie Fakultet for biovitskap, fiskeri og økonomi (BFE-fak) og Arne Smalås skal leie Fakultet for naturvitskap og teknologi (NT-fak).

Lena Bendiksen Foto: UiT

Dekan er øvste leiar av eit fakultet, retta mot undervising og forsking, innan eitt eller fleire nærskylde fagfelt. Dette inneber ivaretaking av den samla verksemda til fakultetet, i ein sentral leiarposisjon, saman med prodekan og fakultetsdirektør. Dekanar tilsettast på åremål for ein periode på fire år, med moglegheit  for tilsetting i ytterlegare to fireårsperiodar.

På Twitter   #norgesarktiske