INVITASJON: El-fly nummer to og tre i Noreg vert døypt
Endeleg har el-flya våre komme til Bardufoss, og de er inviterte i dåpen! No set vi i gang forskingsprosjektet som skal testa korleis elektriske fly oppfører seg i arktisk klima og terreng.
University of Tromsø School of Aviation (UTSA) samarbeider med ARC for å gjera flygingane mest mogleg miljøvennleg. Flya skal nemleg ladast ved hjelp av energi frå eigen solcellepark.
– Det er ein del av overgangen frå fossil til fornybar energi. I tillegg til solceller skal vi testa ut batterilagring på flya. Med batteria som er i flyet no er rekkevidda i overkant av ein time, men det er utan å ta høgde for temperatur og vêr her nord, forklarer Yngve Birkelund, instituttleiar ved Institutt for teknologi og tryggleik ved UiT.
Les her for utfyllande nyheitssak om dei nye el-flya og forskingsprosjektet.
Pressa blir invitert til flydåp
Dato: Onsdag 2. oktober
Tid: 12:00–13:30
Stad: UiT Noregs arktiske universitet, Bardufoss
Programmet inneheld flydåp med tale, kort presentasjon av prosjektet og omvising på hangaren og testflyging av dei nye flya. Det vil vera moglegheiter for pressa å ta bilde, filme og gjera intervju. Frå universitetsleiinga vil viserektor Kriss Rokkan vera til stades.
Kontaktpersonar:
Yngve Birkelund, instituttleiar teknologi og tryggleik
Telefon: 993 77 377
E-post: yngve.birkelund@uit.no
Lise Lotte Henriksen, kommunikasjonsrådgiver
Telefon: 906 40 924
E-post: lise.l.henriksen@uit.no
Trude Haugseth Moe, kommunikasjonsrådgiver
Telefon: 957 63 523
E-post: trude.haugseth.moe@uit.no