– Nord-Noreg må først opp på nasjonalt nivå

I 2025 kjem ei stortingsmelding om sosial utjamning og sosial mobilitet. Tysdag fekk helseministeren innspel på UiT i Tromsø, og meldinga var at dette vert ikkje enkelt.

portrett av en kvinne utendørs
Professor Unn-Doris Bæck er glad for ny rapport, men usikker på om tiltaka kan gjennomførast. Photo: Jørn Berger-Nyvoll / UiT
Portrettbilde av Rydland, Kjetil
Rydland, Kjetil kjetil.rydland@uit.no
Published: 20.03.24 09:19 Updated: 21.03.24 08:14
Pedagogy Society

Heile fem departement jobbar saman om stortingsmeldinga som skal gjere barnehagar, skular og SFO-ar til enno betre fellesskapsarenaar. Eit utval leia av NHH-professor Katrine V. Løken har levert rapporten «Et jevnere utdanningsløp», og no reiser statsråder landet rundt for å få innspel frå ulike fagmiljø, institusjonar og interessentar.

Eg vil nødig vere den mørke stemma frå nord, men det vert ikkje enkelt å få tiltaka ut i den nordnorske verkelegheita.


Rapporten inneheld ei rekkje tiltak, mellom anna ein ytterlegare auke i barnehagedekninga, betre profesjonsutvikling av tilsette, meir fokus på å trene sosioemosjonelle evner hjå ungane og auka bruk av å midlertidig dele elevane inn i grupper basert på fagleg nivå.

Ein særs viktig rapport

Professor i sosiologi ved Institutt for lærarutdanning og pedagogikk, Unn-Doris Bæck, haldt eit innlegg i møtet om korleis rapporten ser ut frå nord.

En kvinne snakker i et auditorium. Vi ser mange bakhovud
Mange kom for å gje sine innspel og høyre andre sine tanker. Foto: Jørn Berger-Nyvoll / UiT

Ho seier at rapporten er utruleg viktig, og at ein har venta på forskingsbaserte tiltak lengje. Ho meiner at tiltaka i rapporten er gode og at nordnorsk elevar absolutt kunne hatt nytte av dei.

Men kan ein ikkje sjå bort frå dei komplekse og strukturelle problema ein finn i distrikta.

– Mange stader i Finnmark og andre rurale strøk i Noreg har ein lærarmangel, og dei lærarane ein har, manglar utdanning. I tillegg har ein utfordingar med ein befolkning som vert eldre, som igjen gjev ein stram kommuneøkonomi. Oppå det kan ein leggje at det er dyrare å drive skule i distrikta, som igjen gjer at ein ofte må sentralisere skulane, som igjen kan føre til endringar i demografien. Og det ser ikkje ut til å verte betre, seier Bæck.

Elevar i Nord-Noreg presterer dårlegare på skulen enn elevar i resten av landet. Og sjølv om det er variasjonar internt i landsdelen og i kvar enkelt kommune, meiner ho at det er viktigast å få dei nordnorske elevane opp på eit nasjonalt nivå.

– Eg vil nødig vere den mørke stemma frå nord, men det vert ikkje enkelt å få tiltaka ut i den nordnorsk verkelegheita, seier Bæck.

Vi treng gode data for gode liv

Helseminister Ingvild Kjerkol kom til møtet frå opninga av Tromsøundersøkinga sine nye lokalar, og understreka kor viktig det er å knytte meldinga opp eksisterande kunnskapsmiljø:

–  Vi treng god kunnskap om befolkninga, som helsedata og kunnskap om levekår, og då er UiT Noregs arktiske universitet er ein god alliert og ein god kunnskapskjelde, seier Kjerkol.

Helseminister Ingvild Kjerkol sa at ein god barndom varer heile livet. Foto: Jørn Berger-Nyvoll / UiT

Som helseminister peika ho på at ein god barndom varer heile livet, og at det er mykje god helse i at barn og unge har det bra og får utvikle seg og meistre utfordringar:

– Det er vår plikt å ruste dem for resten av livet, og hjelpe dei når det vert vanskeleg, seier ho.

Viserektor Rikke G. Gjærum speila helseministeren i si velkomsttale, då ho spurde om vi klarer å  leggje til rette og sjå alle? Har vi nok ressursar til dei vaksne som skal dekkje bordet òg for dei som tradisjonelt har vorte sittande nedst?

– Vi må ikkje lete barndommen verte ein «dom» for livet. Det er vi vaksne som skal sørgje for fellesskap og inkludering, seier Gjærum.

Rydland, Kjetil kjetil.rydland@uit.no
Published: 20.03.24 09:19 Updated: 21.03.24 08:14
Pedagogy Society