Skal forske på dei neste stortingsvala
Jonas Stein og UiT er med på laget når Institutt for samfunnsforsking får 38 millionar kroner over åtte år til å føre vidare og fornye Stortingsvalgundersøkelsen.
![Ein mann i dressjakke og blaser poserar utandørs](https://en.uit.no/Content/849745/cache=20241906094205/transformation=kompJpgHighTommy/jonas%20stein%20foto%20Jakob%20Bj%C3%B8rvig%20Henriksen.jpg)
– Denne undersøkinga er eit stort nasjonalt arbeide, som forskar på kjernen i det norske demokratiet; stortingsvala. Det er viktig og riktig at UiT no er med, seier Jonas Stein, som er valforskar og førsteamanuensis hjå Institutt for samfunnsvitskap.
Forsking med lang historie
Valgforskningsprogrammet har som føremål å analysere val, valresultat, veljaråtferd og haldningane til veljarane over tid. I førre veke annonserte Forskingsrådet at dei gjev forskinga 38 millionar for å halde fram gjennom dei to neste stortingsvala.
Programmet vart først starta av nestorane Stein Rokkan og Henry Valen i samband med stortingsvalet i 1957, og har sidan den gongen vore tilknytt Institutt for samfunnsforsking (ISF) i Oslo. I sin noverande form er prosjektet eit samarbeid mellom ISF, NTNU, UiB, UiO og UiT, i tillegg til forskingsinstituttet NORCE.
UiT har tidlegare vore med på lokalvalundersøkinga og sametingsvalsundersøkinga, men no skal UiT-forskarar òg vere med på forskinga som skal gjerast på stortingsvala i 2025 og 2029.
– Reint konkret vil det tyde å arbeide saman om den store undersøkinga som vert gjennomført før og i etterkant av valet. Vi vil få tilgang til dataa som kjem ut av dette, og har ambisjonar om å bruke dei til forskingsartiklar både nasjonalt og internasjonalt i åra som kjem, seier Stein.
Nye perspektiv på sentrum – periferi
– Eg har tidlegare forska mykje på skiljelinjer knytt til sentrum-periferi, og spesielt Nord-Noreg. Det arbeidet skal eg ta med meg inn i prosjektet, seier Stein.
Stein trur òg samarbeidet vil fange opp andre forhold som pregar norsk politikk og at mykje ulikt vil vere aktuelt å analysere når vala nærmar seg.
– Til dømes korleis store samfunnsendringar som Ukraina-krigen, energiomstilling og demografiske endringar påverkar demokratiet vårt og politikken som vert ført. Det vert særs spennande å sjå, seier valforskaren.