Illustrasjonsbilde

Qvigstadrommet

Qvigstadrommet Norsk flagg

Just Knud Qvigstad (1853–1957) var rektor ved Tromsø lærarhøgskole og ein viktig forskar innan samisk og kvensk språk og kultur. Han samarbeidde med forskarar over heile Nordkalotten og bygde målretta opp ei boksamling innan forskingsfeltet sitt. M.a. kjøpte han antikvariske verk om samar og andre finsk-ugriske folk og bytte til seg publikasjonar frå kollegaar i inn- og utland. Denne samlinga av forskingslitteratur donerte han til Tromsø museum (no Universitetsmuseet). Qvigstadsamlinga er lagra i eit eige, avlåst, klimaregulert rom i Universitetsbiblioteket sine lokale i Tromsø museum. Sjå oversikt over materiale i Qvigstad-samlinga i Oria.

Ta kontakt med bibliotekspersonalet ved museet for tilgang til Qvigstadrommet.

twitter
chat loading...