Praktisk informasjon FIL-0700 haust 2024

Hugs å melde deg på seminargruppe innan 19. august.

På denne sida finn du litt praktisk informasjon for oppmelding og studiestart. Du melder deg på seminargruppe i Studentweb.


Seminarundervisinga er obligatorisk. Derfor er det viktig å melde deg opp før fyrste seminar, måndag 19. august. Ved for sein påmelding og for stort fråvær, får du ikkje ta eksamen. Merk at fristen for seminarpåmeldinga er langt tidlegare enn siste frist for semester- og eksamensregistrering. Seminarpåmeldinga skjer via Studentweb. Sjå gjerne på punkt 3 i


Kva gruppe?

Dei ulike seminargruppene er retta mot ulike fagområde og tilpassa andre emne innan dei ulike studieprogramma slik at ein skal unngå kollisjonar i undervisinga og ved eksamen. Men tilknyting til ei bestemt gruppe skaper inga binding for det vidare studiet. Det er for eksempel mogleg å studere naturvitskaplege fag sjølv om ein har tatt ex.phil. retta mot humanistiske fag, eller omvendt. Dersom gruppene blir fullteikna, kan det bli oppretta ekstragrupper. Blir det for få studentar, kan grupper bli slått saman. Det er vanskeleg å bytte gruppe etter at ein har meldt seg på. Det må i så fall avklarast med administrasjonen på Institutt for filosofi og førstesemesterstudie – ikkje med seminarlærarane. Du skal følgje den same gruppa som du melder deg på, gjennom heile semesteret. Meld deg opp til ei gruppe som passer til studieprogrammet du går på. Her er ei oversikt over dei ulike gruppetypane og kven dei er tiltenkte:

HSL-fak torsdag 08-16
NT-fak onsdag 08-12
Fiskeri-grupper mandag 12-16
PS-grupper tirsdag 10-16
Med.-grupper fredag 08-12
Juss-grupper mandag, tirsdag og torsdag 08-12


Du kan kjøpe pensum hjå Akademika.


Viktige datoar

Frist for å melde seg på seminargruppe: 19. august
Oppstart seminargrupper veke 34
Siste obligatoriske seminar veke 45 (totalt 12 seminar)
Frist for semesteroppgåva informasjon kommer
Munnleg eksamen

M/NT-grupper: veke 47

HSL/PS/J-grupper: veke 48

Forbehold om feil


Nærmare informasjon om semesteroppgåva og munnleg eksamen gjes i seminara og via Canvas.