spring
2025
HIF-2043 Språk og tekst i sosiale medier - 10 stp
Type of course
Emnet kan takast som enkeltemne. Studenter som går bachelor i språk og litteratur eller lektor språk og samfunnsfag for trinn 8-13, studieretning nordisk, må ta dette emnet under koden NOR-2043. Emnet kan også takast som enkeltemne av internasjonale studentar (utvekslings-gjestestudentar) som har norsk eller nordisk språk og litteratur som studiefag ved eit utanlandsk universitet. Emnet har 100 % overlapp med NOR-2043 og NOR-2053.Admission requirements
Emnet kan takast som enkeltemne. Studenter som går bachelor i språk og litteratur eller lektorutdanning trinn 8-13, studieretning nordisk, må ta dette emnet under koden NOR-2043. Emnet kan også takast som enkeltemne av internasjonale studentar (utvekslings-gjestestudentar) som har norsk eller nordisk språk og litteratur som studiefag ved eit utanlandsk universitet.
Søknadskode for enkeltemnestudentar: 9199 - enkeltemne lågare grad (ikkje realfag)
Course overlap
Du vil få en reduksjon i antall studiepoeng (som oppgitt under), dersom du avlegger eksamen i dette emnet og har bestått følgende emne(r) fra før av:
NOR-2043 Språk og tekst i sosiale medier 10 stpNOR-2053 Språk og tekst i sosiale medium. Spesialemne for utenlandske studenter. 10 stp
Innhald
Kurset tek opp språklege praksisar i sosiale medium forstått som «nettbaserte tjenester som legger til rette for mange-til-mange-kommunikasjon og hvor innholdet i stor grad skapes av brukerne selv» (http://snl.no/Sosiale_medier), og kurset set dette inn i teoretiske rammar for tilhøvet mellom tale- og skriftspråk. Kurset vil òg ta opp fenomenet 'digital litteratur' og rette fokus mot innhaldssida ved digitale tekstar og dei litterære særmerka deira.Kva lærer du
Etter greidd emne har studentane oppnådd følgjande læringsutbyte:
Kunnskapar:
Studentane har:
- kunnskap om kjennemerke ved skriftleg språkføring i ulike former for sosiale medium.
- kunnskap om digital litteratur og kva som skil denne typen litteratur frå andre litterære uttrykksformer.
Ferdigheiter:
Studentane kan:
- forstå korleis språket i sosiale medium liknar og skil seg både frå andre skriftspråklege tekstar og frå munnleg språkbruk.
- vere i stand til å kjenne att og analysere sentrale kjennemerke på språkbruken i ulike typar sosiale medium i lys av allmenne teoriar om språkbruk.
- utvikle tankar omkring pedagogiske utfordringar og moglegheiter knytt til språk i sosiale medium.
- kunne drøfte innhaldsformidlinga i tekstar skrivne for sosiale medium, og peike på bruken av litterære virkemiddel i slike tekstar.
Teaching methods
I alt ca. 26 undervisningstimar med førelesingar/seminar med førebudde studentframlegg.
Våren 2025 er emnet samlingsbasert (3 samlingar).
Kvalitetssikring av emnet: Alle emne vert evaluerte ein gong i løpet ein 3-årsperiode på bachelorgradsnivå. Studieprogramleiar avgjer kva for emne som skal evalueras av studentar og lærar kvart år.
Schedule
Examination
Examination: | Grade scale: |
---|---|
Oppgave | A–E, fail F |
Coursework requirements:To take an examination, the student must have passed the following coursework requirements: |
|
Tekst 1 | Approved – not approved |
Tekst 2 | Approved – not approved |
Tekst 3 | Approved – not approved |
More info about the coursework requirements
For å kunne gå opp til eksamen må studenten i løpet av semesteret ha skrive tre tekstar på mellom 4000 og 10 000 teikn knytt til ulike tematiske delar av kurset nærmare fastsett av den/dei kursansvarlege.
Tekstane kan skrivast individuelt eller i ei gruppe på to eller tre: ein samskriven tekst må vere på minst 5 000 teikn og ikkje meir enn 20 000 teikn. Gruppesamansetjing kan variere frå gong til gong. Tekstane kan skrivast på valfri språkform, anten norsk, engelsk, dansk, svensk eller eit anna språk godkjent av den/dei kursansvarlege.
Arbeidskrav er gyldige i eitt semester.
Mer info om vurderingsform oppgåve
Semesteroppgåve på 10-15 sider som er ei vidareutvikling av ein av dei tre tekstane levert under arbeidskravet. Oppgåva kan skrivast individuelt eller i gruppe på to eller tre. Ei individuell semesteroppgåve skal ha eit omfang på 10-15 sider/4 000-6 000 ord (ekskl. framside, referansar og vedlegg). Ei gruppeoppgåve må ha eit omfang som gjev tilsvarande arbeidsinnsats frå alle deltakarane, men skal ikkje overstige 30 sider. Føremålet med semesteroppgåva skal vere å knyte teoristoffet i kurset til relevante problemstillingar som gjeld språk og tekst i sosiale medium. Kvar student kan få inntil to timar rettleiing på oppgåva.
Eksamensspråket er valfritt mellom norsk (bokmål eller nynorsk), engelsk, svensk og dansk og ev. andre språk i den grad det let seg praktisk gjere å gjennomføre.