spring 2025
NOR-2043 Språk og tekst i sosiale medier - 10 stp

Type of course

Emnet kan takast som enkeltemne og er valfritt fordjupingsemne i bachelor i språk og litteratur og i lektor i språk og litteratur for trinn 8-13 med nordisk som fag 1. Emnet har 100 % overlapp med HIF-2043. Studentar som går bachelor i språk og litteratur eller lektor i språk og samfunnsfag for trinn 8-13 med nordisk som fag 1, må ta dette emnet under koden NOR-2043.

Admission requirements

Generell studiekompetanse eller realkompetanse. Søknadskode 9199 - Enkeltemne (ikkje realfag), lågare grad. Ordinære og nettbaserte emne.

Course overlap

Du vil få en reduksjon i antall studiepoeng (som oppgitt under), dersom du avlegger eksamen i dette emnet og har bestått følgende emne(r) fra før av:

HIF-2043 Språk og tekst i sosiale medier 10 stp

Innhald

Kurset tek opp språklege praksisar i sosiale medium forstått som «nettbaserte tjenester som legger til rette for mange-til-mange-kommunikasjon og hvor innholdet i stor grad skapes av brukerne selv» ( SNL: Sosiale medier), og kurset set dette inn i teoretiske rammar for tilhøvet mellom tale- og skriftspråk. Kurset vil òg ta opp fenomenet `digital litteratur` og rette fokus mot innhaldssida ved digitale tekstar og dei litterære særmerka deira.

Recommended prerequisites

NOR-1011 Moderne språkstruktur, NOR-1012 Talemål og språklig mangfold

Kva lærer du

Etter greidd emne har studentane oppnådd følgjande læringsutbyte:

Kunnskapar

Studentane har:

  • kunnskap om kjennemerke ved skriftleg språkføring i ulike former for sosiale medium.
  • kunnskap om digital litteratur og kva som skil denne typen litteratur frå andre litterære uttrykksformer.

Ferdigheiter

Studentane kan:

  • forstå korleis språket i sosiale medium liknar og skil seg både frå andre skriftspråklege tekstar og frå munnleg språkbruk.
  • vere i stand til å kjenne att og analysere sentrale kjennemerke på språkbruken i ulike typar sosiale medium i lys av allmenne teoriar om språkbruk.
  • utvikle tankar omkring pedagogiske utfordringar og moglegheiter knytt til språk i sosiale medium.
  • drøfte innhaldsformidlinga i tekstar skrivne for sosiale medium, og peike på bruken av litterære virkemiddel i slike tekstar.

Language of instruction and examination

Undervisningsspråk: norsk. Eksamensspråk: norsk, bokmål eller nynorsk. Pensumlitteraturen kan vere på norsk, skandinaviske språk og/eller engelsk.

Teaching methods

I alt ca. 26 undervisningstimar med førelesingar/seminar med førebudde studentframlegg.

Våren 2025 er emnet samlingsbasert (3 samlingar).

Kvalitetssikring av emnet: Alle emne vert evaluerte ein gong i løpet av programperioden. Studieprogramleiar avgjer kva for emne som skal evalueras av studentar og lærar kvart år.


Examination

Examination: Date: Grade scale:
Oppgave 06.06.2025 14:00 (Hand in) A–E, fail F

Coursework requirements:

To take an examination, the student must have passed the following coursework requirements:

Tekst 1 Approved – not approved
Tekst 2 Approved – not approved
Tekst 3 Approved – not approved
UiT Exams homepage

More info about the coursework requirements

For å kunne gå opp til eksamen må studenten i løpet av semesteret og innan fastsett frist ha skrive tre tekstar på mellom 4000 og 10 000 teikn knytt til ulike tematiske delar av kurset nærmare fastsett av den/dei kursansvarlege. Tekstane kan skrivast individuelt eller i ei gruppe på to eller tre: ein samskriven tekst må vere på minst 5 000 teikn og ikkje meir enn 20 000 teikn. Gruppesamansetjing kan variere frå gong til gong. For kvar student skal minst ein av tekstane vere skriven på bokmål og minst ein på nynorsk. Den tredje teksten kan skrivast på valfri språkform, anten norsk, dansk, svensk, engelsk eller eit anna språk godkjent av den/dei kursansvarlege.

Arbeidskrava er gyldige i eitt semester.


Mer info om vurderingsform oppgåve

Semesteroppgåve på 10-15 sider som er ei vidareutvikling av ein av dei tre tekstane levert under arbeidskravet. Oppgåva kan skrivast individuelt eller i gruppe på to eller tre. Ei individuell semesteroppgåve skal ha eit omfang på 10-15 sider/4 000-6 000 ord (ekskl. framside, referansar og vedlegg). Ei gruppeoppgåve må ha eit omfang som gjev tilsvarande arbeidsinnsats frå alle deltakarane, men skal ikkje overstige 30 sider. Føremålet med semesteroppgåva skal vere å knyte teoristoffet i kurset til relevante problemstillingar som gjeld språk og tekst i sosiale medium. Kvar student kan få inntil to timar rettleiing på oppgåva.

Eksamensspråket er norsk. Valfri målform, bokmål eller nynorsk.

Ved alle eksamenar i nordisk vert rett og god språkføring vektlagd.


Re-sit examination

Ved karakteren F/ikkje greidd til ordinær eksamen har studenten høve til å kontinuere i byrjinga av påfølgjande semester. Ei semesteroppgåve som har fått karakteren F (ikkje greidd), kan leverast inn til ny vurdering i omarbeidd form.
  • Earlier years and semesters for this topic