– Vi må gje motiverte søkarar ein sjanse

Statsråd Oddmund Hoel har vore på sitt første besøk hjå UiT. I Harstad diskuterte han rekruttering, karakterkrav og auka kompetansebygging i nord.

Fire vaksne i et klasserom ser på elevar og lærarar som held på med noko på golvet.
Forskings- og høgare utdanningsminister Hoel var imponert over lærarstudentane som har praksis på Harstad byskule. Photo: Tomas Rolland / UiT
Portrettbilde av Rydland, Kjetil
Rydland, Kjetil kjetil.rydland@uit.no
Published: 22.03.24 11:34 Updated: 22.03.24 11:57
About UiT Studentliv / Studier

Forskings- og høgare utdanningsminister Hoel fekk møte både skulelevar, studentar og motiverte søkarar som ikkje kjem inn på sjukepleie på grunn av karakterkrav då han var i Harstad torsdag.

Eit av dei viktigaste temaa var rekruttering til fleire viktige studium og yrke.

Viserektor Rikke Gürgens Gjærum fortalde om korleis UiT har ledige studieplassar på lærar og sjukepleie som topp motiverte søkarar ikkje kan få:

Ein mann snakkar med ein dame som er på storskjerm. Andre ser på dei to.
Statsråden snakka digitalt med Beate Nilsen, ein motivert søkar til sjukepleie som ikkje kjem inn grunna mattekarakteren frå 1999. Foto: Tomas Rolland / UiT

– Rekrutteringa er lav samstundes som vi treng kompetente menneske i skule og helsevesen. Vi har søkarar som vil inn og som klorer på døra, men vi kan ikkje opne opp på grunn av opptakskrava, sa ho til ministeren.

Like kompetent utan karakterkrav

For å verte sjukepleiar eller lærar i dag, må ein ha minimum 3 i norsk og matematikk. UiT søkte om dispensasjon frå desse krava i 2024, men fekk nei frå departementet.

Gjærum er ikkje redd for at lågare karakterkrav skal påverke kompetansen til fagfolka som vert utdanna hjå UiT.

– Sjølv om ein firar litt på krava til dei som kjem inn, vil kvaliteten på studieløpet hjå UiT vere like høg som alltid, og dei som kjem ut vil vere like kompetente som i dag. Vi har motiverte studentar, framifrå tilsette og studieløp av topp kvalitet. Dessutan har vi vist at vi kan snu utviklinga før, seier ho.

Gjærum snakkar om korleis sjukepleiarutdanninga i Harstad forbetra eksamensresultata på nasjonale eksamenar etter 2021, då 54 %  strauk i anatomi, fysiologi og biokjemi.

UiT sette inn tiltak, og i 2022 var strykprosenten nede i 16 %. I 2023 fekk 48 % av studentane i Harstad A eller B, og berre 9 prosent strauk.

– Derfor meiner vi at om ein har studiekompetanse frå vidaregåande skule, då er ein kompetent til å verte lærar eller sjukepleiar. Og vi har ikkje råd til å la vere, for rekrutteringa er kritisk låg, seier ho.

Om folk er motiverte, skal dei få sjansen hjå oss. 

Statsråden vil ikkje love noko, men viser til at regjeringa kjem med ei melding om opptakskrav til høgare utdanning 5. april. Men Hoel sa at det var vanskeleg å argumentere imot, og til NRK gjev han hint om kva som kjem: Oddmund Hoel varsler endringer.

Engasjerte ungar må òg lyttast til

Statsråden var på UiT sitt campus i Harstad, men var og på besøk hjå Harstad byskule. Der møtte han skuleleiinga og lærarstudentar i praksis, men det var andreklassingane som stal mykje av merksemda.

I ein langbordssamtale diskuterte lærarar, studentar, statsråden, forskarar og skuleelevar kva ein god lærar eigentleg er og korleis utdanninga bør vere.

– Ungane var særs ivrige og hadde mange gode innspel som eg trur vi alle lærte av. Det var kø for å få snakke, fortel Gjærum.

Vaksne, unge og born sit rundt eit bord og snakkar.
Fruktbar samtale rundt langbordet på Harstad byskule. Foto: Tomas Rolland / UiT

Torsdag var òg verdsdagen for Downs syndrom, og både statsråden og elevane markerte dagen med å gå med to ulike sokkar. Og nettopp mangfald er eit tungt argument for kvifor det kan vere bra å fjerne karakterkrava.

Samspelet mellom karakterar, mobilitet og fleksibilitet

For årsakene til at søkarar ikkje har gode nok karakterar kan vere mange, men for nokre er det fordi ein ikkje kunne eller ville prioritere skulen i ungdomsåra.

– Vi må ikkje la ungdomstida verte ein «dom» for livet, seier Gjærum.

 – Ein kan ha vore lite motivert som 16-åring, men vakne opp, få erfaring, nokre år på baken og ha ny motivasjon til å ta utdanning, seier ho.

Tidlegare denne veka var helseministaren på UiT for eit innspelsmøte om mobilitet og sosial utjamning i skulen. Dei same ønska for like moglegheiter må og gjelde for høgare utdanning.

–  Å ha opplevd motgang, og ha strevd med å meistre kan gje deg nokre eigenerfarte læringsstrategiar som du kan nytte i møte med elevar. Vi vil og kunne få ein meir mangfaldig lærarstab i Noreg enn i dag, seier Gjærum.

Hjå UiT ser ein og dette i samanheng med fleksible studiar og etterutdanning, som kan vere både på hel- og deltid og samlingsbasert, ofte i kombinasjon med nettstudiar.

– Om folk er motiverte, skal dei få sjansen hjå oss. Då skal vi gje dei ein topp utdanning som gjer dei kvalifiserte og motiverte for yrkeslivet, seier Gjærum.

Rydland, Kjetil kjetil.rydland@uit.no
Published: 22.03.24 11:34 Updated: 22.03.24 11:57
About UiT Studentliv / Studier