spring 2025
LER-2101 Norsk 1-7 Mangfold i språk og tekst - 15 stp

Type of course

Emnet er eit fagval i grunnskolelærarutdanninga for 1.-7. trinn. Emnet kan ikkje takast som enkeltemne.

Forkunnskapskrav

Jf. opptakskrav og progresjonskrav i studieplanen for grunnskolelærarutdanning for 1.-7. trinn.


Course overlap

Du vil få en reduksjon i antall studiepoeng (som oppgitt under), dersom du avlegger eksamen i dette emnet og har bestått følgende emne(r) fra før av:

LER-2111 Norsk 1-7 Mangfold i språk og tekst 15 stp
LER-2121 Norsk 1-7 Mangfold i språk og tekst 15 stp

Course content

I dette emnet er mangfald i munnlege, skriftlege og multimodale uttrykksformer for ein- og fleirspråklege elevar sentrale tema. Studenten vil få kunnskap om språkleg mangfald i Noreg, med vekt på nordnorske og samiske forhold og arbeide med språkhaldningar og språkets identitetsskapande og utstøytande funksjon.

Eit anna tema er den andre leseopplæringa, både lesing som grunnleggande ferdigheit og lesestrategiar, lesestimulering og arbeid med litteratur. Kunnskap om lese- og skrivevanskar er ein del av dette. I litteraturutvalet blir det lagt særleg vekt på nyare litteratur for barn og på regional litteratur.


Objective of the course

Etter bestått emne har studentane følgande læringsutbytte:

Kunnskapar

Studenten har:

  • utdjupa kunnskap om språkleg mangfald i eldre og nyare tid med særleg vekt på nordnorske og samiske forhold
  • brei kunnskap om norsk språk i eit samanliknande perspektiv med vekt på trekk som er vanskelege for dei som lærer norsk som eit andrespråk
  • brei kunnskap om kva som kjenneteiknar eit variert utval tekstar: munnlege, skriftlege og multimodale; fiksjon og saktekstar i ulike sjangrar og medium
  • kunnskap om skjønnlitteratur frå ulike tider og regionar, med vekt på litteratur for barn
  • kunnskap om ulike tilnærmingsmåtar til arbeidet med litteratur
  • kunnskap om lesestrategiar og om bruk av lesestrategiar på skjerm og papir
  • kunnskap om lese- og skrivevanskar

Ferdigheiter

Studenten kan:

  • bruke relevant grammatikk- og språkkunnskap, tekst- og litteraturkunnskap i analyse og vurdering av munnlege, skriftlege og multimodale elevtekstar og som grunnlag for tilpassa, læringsfremmande respons
  • legge til rette for ein variert lese- og skriveopplæring der elevar lærer å lese, skrive og diskutere sak- og fiksjonstekstar i ulike sjangrar og medium
  • legge til rette for variert arbeid med eit utval sak- og fiksjonstekstar i tradisjonelle og moderne medium og grunngi vala sine
  • kartlegge og vurdere lese- og skriveferdigheiter og vurdere relevante tiltak for tilpassa opplæring for elevar med ulik språkleg og kulturell bakgrunn

Kompetanse

Studenten:

  • kan reflektere over norskfaget som identitetsfag og danningsfag i eit fleirkulturelt og multimedialt samfunn
  • kan presentere og reflektere over relevante norskfaglege problemstillingar og diskutere desse med fagfellar

Language of instruction and examination

Undervisnings- og eksamensspråket er norsk

Teaching methods

Studentane vil møte eit variert utval av studentaktive undervisnings- og læringsformer. Det blir særleg lagt vekt på at studentane får øving i aktiv deltaking i organiserte diskusjonar og samtalar og i kreative tilnærmingar til litteratur.

Studentane får vidareutvikle ferdigheitene sine i lesing på skjerm og papir gjennom arbeidsmåtar som lesekonferansar og utprøving av lesestrategiar. Studentane skal også produsere og prøve ut digitale læringsressursar og utvikle sin norskfaglege digitale kompetanse. Studentane skal få erfaring med arbeidsformer som ein kan bruke i skolen.

Kvalitetssikring

Emnet blir evaluert i samsvar med instituttets retningslinjer.

Praksis

For nærmare informasjon om praksis, sjå eigen praksisplan.


Examination

Examination: Duration: Grade scale:
Muntlig eksamen 45 Minutter A–E, fail F

Coursework requirements:

To take an examination, the student must have passed the following coursework requirements:

Tilstedeværelse Approved – not approved
Utforskende samtale Approved – not approved
Skjønnlitterær tekst Approved – not approved
Notat Approved – not approved
UiT Exams homepage

More info about the coursework requirements

Følgjande arbeidskrav må vere gjennomført og godkjent før ein kan framstille seg til eksamen:

  • 70 % deltaking på undervisning
  • planlegge og delta i utforskande samtale om ei norskfagleg problemstilling
  • multimodal framstilling av ein skjønnlitterær tekst med eigenvurdering (inntil 400 ord)
  • to notat. Notat kan utformast for eksempel som refleksjonstekst knytt til teori og praksiserfaringar (inntil 1200 ord), som multimodal, digital tekst, som munnleg framføring eller som nettdiskusjon.

Begge målformer skal vere representert i omtrent like stort omfang.


More info about the oral exam

Munnleg presentasjon av norskfagleg problemstilling (15 minutt) etterfulgt av samtale/diskusjon med fagfellar (15 minutt). Eksamen blir gjennomført i grupper på 2-3 studentar der deltaking i samtale/diskusjon om framlegga til medstudentane er obligatorisk. Faglærar leier samtalen.

Re-sit examination

Det blir arrangert kontinuasjonseksamen for studentar som ikkje har bestått siste ordinære eksamen i emnet.
  • Earlier years and semesters for this topic