Illustrasjonsbilde

Om UB

Om UB English flag

Universitetsbiblioteket (UB) ved UiT Noregs arktiske universitet, er eit offentleg fag- og forskingsbibliotek. Biblioteket vart oppretta i 1972 som ein del av det nyetablerte Universitetet i Tromsø.

Med 10 campusbibliotek i Tromsø, Hammerfest, Alta, Harstad og Narvik er hovudoppgåva til UB å støtte forsking, undervising og formidling ved UiT. Primærbrukarane våre er studentar og tilsette ved UiT, men alle kan låne frå biblioteket sine samlingar. UB er også bibliotek for tilsette ved UNN.

I løpet av åra har UiT vore gjennom fleire samanslåingar. I 1978 vart Tromsø Museum med boksamlingane sine inkorporert i universitetet. I 2009 vart UiT slege saman med Høgskolen i Tromsø, og i 2013 med Høgskolen i Finnmark. Biblioteka ved desse lærestadene vart innlema i UB. I 2013 vart også Ressurssenter for undervising, læring og teknologi (Result) ved UiT ein del av UB. I 2015 vart UiT slege saman med høgskolane i Harstad og Narvik, og året etter vart fagbiblioteka ved også desse lærestadene ein del av UB. Gjennom åra har også fleire campusbibliotek blitt slegne saman på grunn av flytting av fagmiljøa til campus Breivika, Tromsø.

High North Academy og UiT Skrivesenteret tilhøyrar UB siden 2021.

Les meir om universitetsbiblioteket på Wikipedia


Sist endret: 11.03.2024
twitter
chat loading...